søndag 18. oktober 2009

Ny start!

Har bestemt meg for å begynne å blogge igjen, av fleire grunnar. Hovudgrunnen er at motivasjonen min trenger eit lite puff. OG er det noko som gir meg motivasjon, er det nettop det å ha ein blogg der eg konsentrerer seg om trening, helse og livsglede! ;) Jada, fine ord, men ikkje like lett å leve opp til utan å ha noko som motiverer deg i kvardagen. For min del blir bloggen ein slik motivasjonsfaktor! :)


Treninga mi har nådd nye høgder dei siste vekene, eg har oppdaga gleda ved å jogge..:) Har ikkje jogga på fleire år pga kronisk beinhinnebetennelse og anna grums. Før kunne eg berre jogge 10 minutt før leggane sa stopp..Derfor bestemte eg med for å investere i nye joggesko. LYKKE! Har aldri opplevd maken. Var på løplappet og fekk konstatert at eg overpronerte som berre det og at beinhinnebetennelsen kom som ein naturlig årsak av dette. Skoene er himmelske og eg kan jogge i 60 minutt uten å kjenne noko i leggane. :D


tirsdag 21. april 2009

To skritt fram og et tilbake..

Ja, no er det lenge sidan eg har skrive her. Tida har rett og slett ikkje strukke til. Ein må vel rekne med det no i desse harde eksamenstider.;)


Eg har endelig kome skikkelig i gang med treninga igjen, og gjett om det er herlig! sist veke var eg 5 turar til fløyen og eg tillater meg å trene med litt høgare puls for kvar veke som går. Snart kan eg yte maksimalt! I høst hadde eg aldri trudd at denne tida ville kome tilbake. Med diagnosen kyssesjuke fulgte desverre ein svært pessimistisk holdning. "åååå eg kjem aldri til å kome tilbake i den formen eg var i!" Men det nytter! Trening nytter og no er kroppen min full av energi!:)




Men kor har sjølvdisiplinen min tatt vegen???


E ikkje lett å bli kvitt detta suget etter dei hersens nøttene! Joda eg veit eg heller bør velge frukt når eg skal kose meg, men det er ikkje lett i kampens hete å stå i mot dette suget som i løpet av kort tid får meg til å springe ned på butikken og gå berserk. Har dei gått tom for nøtter på den aktuelle butikken er eg ikkje sein med å påpeike til ein ansatt at dei bør sjå å fylle på nøttelageret...! Før eg legger på veg til neste butikk. Snakk om å vere desperat. Så gale er det faktisk blitt! Eg har tatt meg i det, ein søndag når eg var heime i fjorden, då eg fekk så sug etter yoghurtnøtter. Eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg, butikken var stengt og på mixen har dei heldigvis ikkje denne herligheten. Men rett som det var, hoppa eg i bilen og kjørte til Odda, 4 mil unna. Dei hadde jo nøtter på bensinstasjonen der inne!! Redda:D

Eg har vore veldig flink den siste tida til å holde meg unna. Men i dag sprakk eg, og då er det ikkje berre snakk om et par nøtter for å sei det sånn. Men, dårlig samvittighet hjelper ingen. No er det gløymt, og det er forhåpentligvis lenge til neste gong. Som Kjetil Castell så fint sa; to skritt fram og et tilbake er fortsatt framover!:)

Sjøl om eg ikkje er så flink til å takle søtsuget sjølv, så har eg nokon tips som er lure dersom søtsuget melder seg:

  • Drikk ein halvliter vatn. Det hjelper ofte!
  • Puss tenna, då smaker ikkje søtt så godt etterpå.
  • Et mykje sterk mat, vær raus med pepper og chilli i middagslaginga, det begrenser søtbehovet.
  • Et frukt. Lag ein god fruktsalat.
  • Tren! Ofte hjelper det å gjere noko heilt anna, så går suget automatisk bort av seg sjølv!
  • Tenk deg godt om, vent ti minutt, er du fortsatt like sugen?
  • Les næringsdeklerasjonen på godteripapiret. Er det verkelig verdt å sette til livs fleire hundre kalorier med sjokolade kun for et par minutters glede? Og kanskje etterfulgt av den dårlige samvittigheten.

Men husk; Det er ingen grunn til å bli fanatisk! Livet er for kort for forsakelser. Kos deg med god samvittighet, men gjerne ikkje kvar dag!;)

For å unngå sukkersug er det viktig med eit variert og sunt kosthold kombinert med fysisk aktivitet. Eg har før vore inne på kor viktig det er å velge rette karbohydrater. Nordmenn er eit brødspisande folk, og det er vel å bra så lenge det er brød og kornvarer beståande av langsomme karbohydrater. Men det er ikkje berre kva type brød du velger, pålegget er vel så viktig.

Mitt favorittpålegg er, har alltid vore og vil alltid bli OST! Utvalet av ost i butikkane et stort; smøreost, faste ostar, ferske ostar, brunostar og mykje meir. Ost er ei god kilde til protein og kalsium. Men innholdet av metta fett (det fettet som ikkje er bra for oss) kan vere høgt. I og med at eg et veldig mykje ost, har eg valgt synnøve lett gulost. Det er ein halvfeit ostetype som inneheld 15% fett i forhold til den heilfeite som inneheld 27%. Dersom du skal velge ein lettere variant av den heilfeite kvitosten, vil eg anbefale synnøve sin. Norwegia sin lettost er rett og slett tørr og smuldrete, men denne smaker godt!

I staden for smør bruker eg kavli sin lett ost naturell under pålegg. Då slepper eg alt fettet fra smøret og skjeva blir ikkje så tør som den hadde blitt om eg ikkje hadde hatt noko under. I tillegg så inneheld lettosten masse proteiner. Cottege cheese er eit godt valg dersom du vil ha eit pålegg med mykje proteiner og lite fett! Eit anna pålegg som er ei god kilde til proteiner, er kalkunpålegg. Magert og sunt!

søndag 5. april 2009

Påsken er her.. Med regn og ruskevær...??

TIDENES PÅSKESTART!:)




Ja då er endeleg den etterlengta og sårt trengte påskeferien her! Dette skal nytast! Den starta så fint med nyydeleg vær i går. Eg koste meg ute i sola med ekte påskekrim!;) været og temperaturen var utan tvil upåklageleg! Om det berre blir ruskevær i påsken, så lever eg leeenge på denne herlege vårdagen me hadde på lørdag!!:)





















Det var ikkje eit vindpust og fjellene speila seg fint i fjorden..I dag var rake motsetnaden, ruskevær rett og slett. men eg ligg ikkje på latsida av den grunn. Litt skulearbeid blei unnagjort, og trykket på samvittigheten har letta litt.



Eg har ikkje så store planar for påskeveka. eg skal jobba desse tre dagane i barnehagen, Veisane, noko eg ser veldig fram til! Alltid lika kjekt å koma opp dit!:) Ellers så skal eg vera mykje i bevegelse og gå lange turar uansett vær.






Til dei som har vanskeleg for og synes det er hardt å kome i gang med treninga; eg har nett så vidt begynt å trene etter eit 6 veker inaktivt kvardagsliv. Formen min var så og sei på bunn. Eg blei andpusten av å gå på flate bakken.. Ikkje noko kjekt! Men det tok slettes ikkje lang tid før formen kom snikande på! Det er kanskje hardt dei to første vekene, deretter går treninga som ein drøm! Eg anbefaler alle å begynne med gåturar, effektive og raske. Dette legg eit særdeles godt grunnlag for vidare belastning. Dersom ein byrjar med joggeturar utan noko treningsgrunnlag er det veldig lett for at skadene kjem fort. Både kne og leggar tar skade dersom grunnlaget ikkje er etablert! Så folkens, kom deko ut på tur!:) Det er endå lenge til me skal vise dei bleike kroppane våre i bikinistasen!


NB-underlaget er viktig! Ikkje start våren med vonde kne og leggar..
Eg er mykje plaga med beinhinnebetennelse så asfalt er ikkje ideelt for meg. dersom du joggar mykje på asfalt bør du investere i nokon gode joggesko! Skadar som oppstår pga overbelastning er ikkje til å spøke med.
Det er viktig å veksle på underlaget. Det er mykje meir skånsomt for beina å jogge på grus og grasunderlag enn på asfalt!



Nyt påsken, vær ute i naturen og i frisk luft og trekk til deg all energien du får av å vere i bevegelse!:):) Kroppen er ikkje skapt for å sitte ein heil dag i sofakroken. Me er skapt til bevegelse, vær glad for at kroppen fungerer som den skal!:)

mandag 30. mars 2009

Snufsameg så forkjøla eg er!!





ja, det måtte jo kome dette og. Eg veit eg ikkje skal sitte ute å sole meg i trekken på denne tida, men etterlevde eg det? Å neida.. satt ute ein time på lørdag og slikte sol. Med den varmen det var hadde eg ikkje på meg så mykje kle heller- Herlig, herlig, men farlig farlig.. Sånn er det. Forkjølelsen kom den, og det gjorde etterpå-klokskapen og!


Svarthyllekstrakt er å anbefale når ein har forkjølelse. Eg tar sikkert 4 spiseskeier kvar dag og forkjølelsesperioden vert forkorta! erfaringsmessig er dette er produkt å anbefale! Det er få andre planter i Europa som har vore så høgt verdsatt for sine medisinske eigenskaper som svarthyll. Svarthyllekstrakt har vist seg å vere gunstig for plagar knytta til bronkier, munn og hals, bihulebetennelse, øyrebetennelse og forkjølelse og influensa! Med andre ord kan det vere lurt å gå til innkjøp av svarthyllekstrakt når ein kjenner dei kroppslege plagene kjem snikande. Og attpåtil så smaker den godt og!:)


Kan jang inneheld rød solhatt, basilikum, lakrisrot og eukalyptus. Den skal vere slimoppløysande og hindre lett hoste og lett feber.


Alt for å forkorte forkjølelsessymptomene går ned! Og Hugs å ta tranen din om du er sjuk! Då er kroppen nedbrutt og har ekstra behov for vitaminer og mineral!


Eg har ikkje tida til å vere sjuk no, så svarthyllekstrakt og kan jang går ned på høgkant! Forhåpentligvis er eg betre før påskeferien som skal nytast til det fulle og heile!!:)


Ekstra kjekt er det at Torunn og Ingunn kjem heim frå si jorda rundt reise og Elisabeth og Kristin kjem heim frå Oslo! Då blir gjengen samla igjen!:)


lørdag 28. mars 2009

There`s no place like home!

At eg skal flytte heim til Hardanger når eg er ferdig utdanna er det ingen som helst tvil om! Nydeligare plass skal du leite lenge etter! I dag har eg vore ute på tur og det gjorde godt for både kropp og sjel! Her er det ikkje noko problem å få trent både rumpe og lår. Bakkar er det flust med, og jo høgare opp du kjem, jo vakrere utsikt over fjorden får du! Er ikkje det motivasjon nok til å kome seg opp bakken så veit ikkje eg!:)


Terapi for sjelen! Ikkje berre er det flott å gå tur i den fine naturen, men det er kjekt å møte på kjentsfolk kor hen du går. Når sola viser seg frå si flottaste side, som i dag, må du ikkje gå langt før du treffer på nok ein glad lofthusing som er ute på tur. Våren er forhåpentligvis kome for å bli! :) Kom deg ut i frisk luft og nyt naturen rundt deg!


Å Vestland, Vestland

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.
Og gleda strøymer i meg still og stormed glans
av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror
,sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.
Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval


Karbohydrater, venn eller fiende?


Som den brødelskaren eg er, får eg i meg veldig mykje karbohydrater. Eg elske brød!! Men karbohydrater har lenge vore slankeguruen sin skrekk! Mange unngår denne energikilda for ein kvar pris. Det er jaggu meg vanskeleg å vite kva ein skal ete når ernæringsekspertane er ueinige seg i mellom.




Vi kan skille mellom tre typar karbohydrater; sukker, stivelse og kostfiber. I dag vil eg skrive litt om kostfiber. Når du vil ned i vekt og samtidig ete mat som er bra for kroppen, er det viktig å velge riktig type karbohydrat. Dersom du velger grove karbohydrater vil du fortere merke metthetsfølelsen. Ekstra god metningseffekt får du når du velger mat som fyller godt opp i magen; grovt brød, grove kornblandingar, grove knekkebrød, grønsaker og bønner og linser.



Dersom du sverger til raffinerte karbohydrater som du finner i loff, kneip, fin ris og sukkerholdige matvarer vil blodsukkeret skyte til vers og du vil fort bli sulten igjen og få lysten på søt mat. Dei karbohydratene vi finn i grove brød og kornvarer, bønner, linser og grønnsaker vil sakte tas opp frå tarmen og gir ein meir kontrollert økning i blodsukkeret. Med andre ord du held deg mett lenger og trangen til noko søtt uteblir.
Dersom du velger karbohydrater er det viktig å velge GROVT! Jo grovare, jo bedre! Og hugs at fargen på brødet ofte lurar deg. Det er ikkje det mørkaste som er grovast, men det som kjennes tyngst ut! Så du kan kjenne om eit brød er grovt eller ikkje. Eg sverger til ingers rugbrød. Eg kjøper dette på baker brun, men det går fint an å bake sjøl. Du finn nok oppskrifta på nett.
Velger du pasta og ris, velg fullkornspasta og villris. Dette gir mykje meir næring enn den kvite pastaen og risen vi et så altfor mykje av! Og dessuten er det bedre!:)

Helseklibrød! Dette knekkebrødet inneheld mest fiber! Fantastisk bra for magen og kroppen!

Et dette brødet med god samvittighet!Villris, godt og sunt!Fullkornspastaen er mykje betre og sunnare enn den kvite, lyse pastaen.:)

Et karbohydrat med god samvittighet! Men velg den grove typen viss du er opptatt av helsa!:)

søndag 22. mars 2009

Et stort JA til bær!



Godtesuget snik seg som regel på når kvelden nærmer seg, hos meg er ikkje dette noko unntak. Eg sliter som sagt enormt med å bli kvitt trangen etter youghurtnøtter, det er nesten som om eg må ha det kvar dag. Ikkje berre nesten, men eg MÅ! Men i dag har eg bestemt meg for å rett og slett kutta desse nøttene heilt ut. Nytte ikkje å sei at eg skal ete dei ein gong i veka, då må eg ha neste dag og.;) Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har innbilt meg sjøl at i måro skal eg slutte. Men no e det bestemt! I kveld blei eg veeldig godtesugen og var på nippe til å gå ned på den søndagsopne butikken å kjøpe denne herligheten.. Men koffø ikkje kjøpe noko som gjer godt for kroppen`? So there you go.. blåbær og bringebær blei kjøpt inn. Og det med GOOOD samvittighet! Sunt for kroppen, og du sleppe den dårlige samvittigheten du får etter å ha ete snop!


Blåbær er proppfull av sune kjemikalier. Blåbær har forresten det høgaste innhaldet av antioksidanter blant frukt og bær. Antioksidanter er viktig for alle cellene i kroppen og er med på å motverke oksidativt stress som er ein tilstand der det vert danna frie radikaler som skade cellene i kroppen. Det er forska på at oksidativt stress er involvert i utviklinga av kreft, hjerte-og karsjukdommar, alzheimer, parkinson og aldring. Alt dette kan du med andre ord vera med på å forebyggje ved å ete meir blåbær!


Bringebær er også rik på antioksidanter og inneheld mellom anna c-vitamin, magnesium og kalium. Dessuten er bringebærene også vanndrivande og litt avførende og kan virke gunstig ved slanking. Bærene er med andre ord ikkje berre gode, men reine sunnhetsbomba!

Jafs, tygg, nyt, slurp og kast i deg bær du også!!:)

VITAMININNSPRØYTNING I KVARDAGEN! KOS MED GODE VENNER!:)Ellers så har eg hatt ei fantastisk helg med gode venner eg ikkje har sett på lenge!!:) Latteren satt laust og me storkoste oss!:) Gla i denne gjengen!