tirsdag 21. april 2009

To skritt fram og et tilbake..

Ja, no er det lenge sidan eg har skrive her. Tida har rett og slett ikkje strukke til. Ein må vel rekne med det no i desse harde eksamenstider.;)


Eg har endelig kome skikkelig i gang med treninga igjen, og gjett om det er herlig! sist veke var eg 5 turar til fløyen og eg tillater meg å trene med litt høgare puls for kvar veke som går. Snart kan eg yte maksimalt! I høst hadde eg aldri trudd at denne tida ville kome tilbake. Med diagnosen kyssesjuke fulgte desverre ein svært pessimistisk holdning. "åååå eg kjem aldri til å kome tilbake i den formen eg var i!" Men det nytter! Trening nytter og no er kroppen min full av energi!:)




Men kor har sjølvdisiplinen min tatt vegen???


E ikkje lett å bli kvitt detta suget etter dei hersens nøttene! Joda eg veit eg heller bør velge frukt når eg skal kose meg, men det er ikkje lett i kampens hete å stå i mot dette suget som i løpet av kort tid får meg til å springe ned på butikken og gå berserk. Har dei gått tom for nøtter på den aktuelle butikken er eg ikkje sein med å påpeike til ein ansatt at dei bør sjå å fylle på nøttelageret...! Før eg legger på veg til neste butikk. Snakk om å vere desperat. Så gale er det faktisk blitt! Eg har tatt meg i det, ein søndag når eg var heime i fjorden, då eg fekk så sug etter yoghurtnøtter. Eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg, butikken var stengt og på mixen har dei heldigvis ikkje denne herligheten. Men rett som det var, hoppa eg i bilen og kjørte til Odda, 4 mil unna. Dei hadde jo nøtter på bensinstasjonen der inne!! Redda:D

Eg har vore veldig flink den siste tida til å holde meg unna. Men i dag sprakk eg, og då er det ikkje berre snakk om et par nøtter for å sei det sånn. Men, dårlig samvittighet hjelper ingen. No er det gløymt, og det er forhåpentligvis lenge til neste gong. Som Kjetil Castell så fint sa; to skritt fram og et tilbake er fortsatt framover!:)

Sjøl om eg ikkje er så flink til å takle søtsuget sjølv, så har eg nokon tips som er lure dersom søtsuget melder seg:

  • Drikk ein halvliter vatn. Det hjelper ofte!
  • Puss tenna, då smaker ikkje søtt så godt etterpå.
  • Et mykje sterk mat, vær raus med pepper og chilli i middagslaginga, det begrenser søtbehovet.
  • Et frukt. Lag ein god fruktsalat.
  • Tren! Ofte hjelper det å gjere noko heilt anna, så går suget automatisk bort av seg sjølv!
  • Tenk deg godt om, vent ti minutt, er du fortsatt like sugen?
  • Les næringsdeklerasjonen på godteripapiret. Er det verkelig verdt å sette til livs fleire hundre kalorier med sjokolade kun for et par minutters glede? Og kanskje etterfulgt av den dårlige samvittigheten.

Men husk; Det er ingen grunn til å bli fanatisk! Livet er for kort for forsakelser. Kos deg med god samvittighet, men gjerne ikkje kvar dag!;)

For å unngå sukkersug er det viktig med eit variert og sunt kosthold kombinert med fysisk aktivitet. Eg har før vore inne på kor viktig det er å velge rette karbohydrater. Nordmenn er eit brødspisande folk, og det er vel å bra så lenge det er brød og kornvarer beståande av langsomme karbohydrater. Men det er ikkje berre kva type brød du velger, pålegget er vel så viktig.

Mitt favorittpålegg er, har alltid vore og vil alltid bli OST! Utvalet av ost i butikkane et stort; smøreost, faste ostar, ferske ostar, brunostar og mykje meir. Ost er ei god kilde til protein og kalsium. Men innholdet av metta fett (det fettet som ikkje er bra for oss) kan vere høgt. I og med at eg et veldig mykje ost, har eg valgt synnøve lett gulost. Det er ein halvfeit ostetype som inneheld 15% fett i forhold til den heilfeite som inneheld 27%. Dersom du skal velge ein lettere variant av den heilfeite kvitosten, vil eg anbefale synnøve sin. Norwegia sin lettost er rett og slett tørr og smuldrete, men denne smaker godt!

I staden for smør bruker eg kavli sin lett ost naturell under pålegg. Då slepper eg alt fettet fra smøret og skjeva blir ikkje så tør som den hadde blitt om eg ikkje hadde hatt noko under. I tillegg så inneheld lettosten masse proteiner. Cottege cheese er eit godt valg dersom du vil ha eit pålegg med mykje proteiner og lite fett! Eit anna pålegg som er ei god kilde til proteiner, er kalkunpålegg. Magert og sunt!

søndag 5. april 2009

Påsken er her.. Med regn og ruskevær...??

TIDENES PÅSKESTART!:)




Ja då er endeleg den etterlengta og sårt trengte påskeferien her! Dette skal nytast! Den starta så fint med nyydeleg vær i går. Eg koste meg ute i sola med ekte påskekrim!;) været og temperaturen var utan tvil upåklageleg! Om det berre blir ruskevær i påsken, så lever eg leeenge på denne herlege vårdagen me hadde på lørdag!!:)





















Det var ikkje eit vindpust og fjellene speila seg fint i fjorden..I dag var rake motsetnaden, ruskevær rett og slett. men eg ligg ikkje på latsida av den grunn. Litt skulearbeid blei unnagjort, og trykket på samvittigheten har letta litt.



Eg har ikkje så store planar for påskeveka. eg skal jobba desse tre dagane i barnehagen, Veisane, noko eg ser veldig fram til! Alltid lika kjekt å koma opp dit!:) Ellers så skal eg vera mykje i bevegelse og gå lange turar uansett vær.






Til dei som har vanskeleg for og synes det er hardt å kome i gang med treninga; eg har nett så vidt begynt å trene etter eit 6 veker inaktivt kvardagsliv. Formen min var så og sei på bunn. Eg blei andpusten av å gå på flate bakken.. Ikkje noko kjekt! Men det tok slettes ikkje lang tid før formen kom snikande på! Det er kanskje hardt dei to første vekene, deretter går treninga som ein drøm! Eg anbefaler alle å begynne med gåturar, effektive og raske. Dette legg eit særdeles godt grunnlag for vidare belastning. Dersom ein byrjar med joggeturar utan noko treningsgrunnlag er det veldig lett for at skadene kjem fort. Både kne og leggar tar skade dersom grunnlaget ikkje er etablert! Så folkens, kom deko ut på tur!:) Det er endå lenge til me skal vise dei bleike kroppane våre i bikinistasen!


NB-underlaget er viktig! Ikkje start våren med vonde kne og leggar..
Eg er mykje plaga med beinhinnebetennelse så asfalt er ikkje ideelt for meg. dersom du joggar mykje på asfalt bør du investere i nokon gode joggesko! Skadar som oppstår pga overbelastning er ikkje til å spøke med.
Det er viktig å veksle på underlaget. Det er mykje meir skånsomt for beina å jogge på grus og grasunderlag enn på asfalt!



Nyt påsken, vær ute i naturen og i frisk luft og trekk til deg all energien du får av å vere i bevegelse!:):) Kroppen er ikkje skapt for å sitte ein heil dag i sofakroken. Me er skapt til bevegelse, vær glad for at kroppen fungerer som den skal!:)