
ja, det måtte jo kome dette og. Eg veit eg ikkje skal sitte ute å sole meg i trekken på denne tida, men etterlevde eg det? Å neida.. satt ute ein time på lørdag og slikte sol. Med den varmen det var hadde eg ikkje på meg så mykje kle heller- Herlig, herlig, men farlig farlig.. Sånn er det. Forkjølelsen kom den, og det gjorde etterpå-klokskapen og!
Svarthyllekstrakt er å anbefale når ein har forkjølelse. Eg tar sikkert 4 spiseskeier kvar dag og forkjølelsesperioden vert forkorta! erfaringsmessig er dette er produkt å anbefale! Det er få andre planter i Europa som har vore så høgt verdsatt for sine medisinske eigenskaper som svarthyll. Svarthyllekstrakt har vist seg å vere gunstig for plagar knytta til bronkier, munn og hals, bihulebetennelse, øyrebetennelse og forkjølelse og influensa! Med andre ord kan det vere lurt å gå til innkjøp av svarthyllekstrakt når ein kjenner dei kroppslege plagene kjem snikande. Og attpåtil så smaker den godt og!:)
Kan jang inneheld rød solhatt, basilikum, lakrisrot og eukalyptus. Den skal vere slimoppløysande og hindre lett hoste og lett feber.
Alt for å forkorte forkjølelsessymptomene går ned! Og Hugs å ta tranen din om du er sjuk! Då er kroppen nedbrutt og har ekstra behov for vitaminer og mineral!
Eg har ikkje tida til å vere sjuk no, så svarthyllekstrakt og kan jang går ned på høgkant! Forhåpentligvis er eg betre før påskeferien som skal nytast til det fulle og heile!!:)
Ekstra kjekt er det at Torunn og Ingunn kjem heim frå si jorda rundt reise og Elisabeth og Kristin kjem heim frå Oslo! Då blir gjengen samla igjen!:)






Villris, godt og sunt!
Fullkornspastaen er mykje betre og sunnare enn den kvite, lyse pastaen.:)

Ellers så har eg hatt ei fantastisk helg med gode venner eg ikkje har sett på lenge!!:) Latteren satt laust og me storkoste oss!:) Gla i denne gjengen!
Ingen treningsøkt utan min kjære følgesvenn, pulsklokka! Når du først har blitt vane med å trene med pulsklokke, er du rett og slett avhengig. Eg er i alle tilfelle det. Dersom eg ikkje får til pulsklokke og ikkje finner pulsen er det kriise. Eg har faktisk gått heim frå treningssenteret uten å trene fordi eg ikkje fekk til pulsklokka mi. Ja, så gale har det altså blitt! Så viss nokon ser meg på treningssenteret tydelig irritert og vandrande fram og tilbake til vasken for å veta pulsbeltet og tilbake til treningsapparatet, er eg ikkje tilsnakkande;) Med andre ord, ingen trening utan pulsklokke! Pulsklokka er genial og du kan følge din eigen treningsprogresjon. No når eg er i begynnelsesfasen etter kyssesjuka kan eg ikkje trene utan å ha kontroll over pulsen. Pulsen må ikkje bli for høg, og eg er nødt til å holde den på eit viss nivå. 










5 om dagen har vel ikkje gått nokon forbi.. Alle veit jo at frukt og grønt er gull for kroppen. Men eg veit, av erfaring at dette er ikkje alltid like lett å etterleva.. Visste du forresten at 5 om dagen betyr 2 frukt, og 3 grønnsaker? På dette fatet ligger dei grønnsakene eg tilber.
masse viktige næringsstoffer for kroppen. Bl. a Kalium, folat, A-vitamin og C vitamin. Med andre ord, et den!
Målet mitt for denne våren er å kutte ut dei kvite, deilige, fantastiske, supre, herlige nøttene.... Det blir ikkje lett.. Eg er rett og slett avhengig. Ja, det går an faktisk...Det er mykje sukker i disse nøttene, og sukkeravhengighet er blitt et stoort problem hos meg. Tips for å bli kvitt dette suget mottas med stoor og takknemmelig glede:) Youghurtnøtter kvar dag setter sine spor både her og der...