
søndag 18. oktober 2009
Ny start!

tirsdag 21. april 2009
To skritt fram og et tilbake..

E ikkje lett å bli kvitt detta suget etter dei hersens nøttene! Joda eg veit eg heller bør velge frukt når eg skal kose meg, men det er ikkje lett i kampens hete å stå i mot dette suget som i løpet av kort tid får meg til å springe ned på butikken og gå berserk. Har dei gått tom for nøtter på den aktuelle butikken er eg ikkje sein med å påpeike til ein ansatt at dei bør sjå å fylle på nøttelageret...! Før eg legger på veg til neste butikk. Snakk om å vere desperat. Så gale er det faktisk blitt! Eg har tatt meg i det, ein søndag når eg var heime i fjorden, då eg fekk så sug etter yoghurtnøtter. Eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg, butikken var stengt og på mixen har dei heldigvis ikkje denne herligheten. Men rett som det var, hoppa eg i bilen og kjørte til Odda, 4 mil unna. Dei hadde jo nøtter på bensinstasjonen der inne!! Redda:D
Eg har vore veldig flink den siste tida til å holde meg unna. Men i dag sprakk eg, og då er det ikkje berre snakk om et par nøtter for å sei det sånn. Men, dårlig samvittighet hjelper ingen. No er det gløymt, og det er forhåpentligvis lenge til neste gong. Som Kjetil Castell så fint sa; to skritt fram og et tilbake er fortsatt framover!:)
Sjøl om eg ikkje er så flink til å takle søtsuget sjølv, så har eg nokon tips som er lure dersom søtsuget melder seg:
- Drikk ein halvliter vatn. Det hjelper ofte!
- Puss tenna, då smaker ikkje søtt så godt etterpå.
- Et mykje sterk mat, vær raus med pepper og chilli i middagslaginga, det begrenser søtbehovet.
- Et frukt. Lag ein god fruktsalat.
- Tren! Ofte hjelper det å gjere noko heilt anna, så går suget automatisk bort av seg sjølv!
- Tenk deg godt om, vent ti minutt, er du fortsatt like sugen?
- Les næringsdeklerasjonen på godteripapiret. Er det verkelig verdt å sette til livs fleire hundre kalorier med sjokolade kun for et par minutters glede? Og kanskje etterfulgt av den dårlige samvittigheten.
Men husk; Det er ingen grunn til å bli fanatisk! Livet er for kort for forsakelser. Kos deg med god samvittighet, men gjerne ikkje kvar dag!;)
For å unngå sukkersug er det viktig med eit variert og sunt kosthold kombinert med fysisk aktivitet. Eg har før vore inne på kor viktig det er å velge rette karbohydrater. Nordmenn er eit brødspisande folk, og det er vel å bra så lenge det er brød og kornvarer beståande av langsomme karbohydrater. Men det er ikkje berre kva type brød du velger, pålegget er vel så viktig.
Mitt favorittpålegg er, har alltid vore og vil alltid bli OST! Utvalet av ost i butikkane et stort; smøreost, faste ostar, ferske ostar, brunostar og mykje meir. Ost er ei god kilde til protein og kalsium. Men innholdet av metta fett (det fettet som ikkje er bra for oss) kan vere høgt. I og med at eg et veldig mykje ost, har eg valgt synnøve lett gulost. Det er ein halvfeit ostetype som inneheld 15% fett i forhold til den heilfeite som inneheld 27%. Dersom du skal velge ein lettere variant av den heilfeite kvitosten, vil eg anbefale synnøve sin. Norwegia sin lettost er rett og slett tørr og smuldrete, men denne smaker godt!
I staden for smør bruker eg kavli sin lett ost naturell under pålegg. Då slepper eg alt fettet fra smøret og skjeva blir ikkje så tør som den hadde blitt om eg ikkje hadde hatt noko under. I tillegg så inneheld lettosten masse proteiner. Cottege cheese er eit godt valg dersom du vil ha eit pålegg med mykje proteiner og lite fett! Eit anna pålegg som er ei god kilde til proteiner, er kalkunpålegg. Magert og sunt!
søndag 5. april 2009
Påsken er her.. Med regn og ruskevær...??

Ja då er endeleg den etterlengta og sårt trengte påskeferien her! Dette skal nytast! Den starta så fint med nyydeleg vær i går. Eg koste meg ute i sola med ekte påskekrim!;) været og temperaturen var utan tvil upåklageleg! Om det berre blir ruskevær i påsken, så lever eg leeenge på denne herlege vårdagen me hadde på lørdag!!:)






Til dei som har vanskeleg for og synes det er hardt å kome i gang med treninga; eg har nett så vidt begynt å trene etter eit 6 veker inaktivt kvardagsliv. Formen min var så og sei på bunn. Eg blei andpusten av å gå på flate bakken.. Ikkje noko kjekt! Men det tok slettes ikkje lang tid før formen kom snikande på! Det er kanskje hardt dei to første vekene, deretter går treninga som ein drøm! Eg anbefaler alle å begynne med gåturar, effektive og raske. Dette legg eit særdeles godt grunnlag for vidare belastning. Dersom ein byrjar med joggeturar utan noko treningsgrunnlag er det veldig lett for at skadene kjem fort. Både kne og leggar tar skade dersom grunnlaget ikkje er etablert! Så folkens, kom deko ut på tur!:) Det er endå lenge til me skal vise dei bleike kroppane våre i bikinistasen!


mandag 30. mars 2009
Snufsameg så forkjøla eg er!!

ja, det måtte jo kome dette og. Eg veit eg ikkje skal sitte ute å sole meg i trekken på denne tida, men etterlevde eg det? Å neida.. satt ute ein time på lørdag og slikte sol. Med den varmen det var hadde eg ikkje på meg så mykje kle heller- Herlig, herlig, men farlig farlig.. Sånn er det. Forkjølelsen kom den, og det gjorde etterpå-klokskapen og!
Svarthyllekstrakt er å anbefale når ein har forkjølelse. Eg tar sikkert 4 spiseskeier kvar dag og forkjølelsesperioden vert forkorta! erfaringsmessig er dette er produkt å anbefale! Det er få andre planter i Europa som har vore så høgt verdsatt for sine medisinske eigenskaper som svarthyll. Svarthyllekstrakt har vist seg å vere gunstig for plagar knytta til bronkier, munn og hals, bihulebetennelse, øyrebetennelse og forkjølelse og influensa! Med andre ord kan det vere lurt å gå til innkjøp av svarthyllekstrakt når ein kjenner dei kroppslege plagene kjem snikande. Og attpåtil så smaker den godt og!:)
Kan jang inneheld rød solhatt, basilikum, lakrisrot og eukalyptus. Den skal vere slimoppløysande og hindre lett hoste og lett feber.
Alt for å forkorte forkjølelsessymptomene går ned! Og Hugs å ta tranen din om du er sjuk! Då er kroppen nedbrutt og har ekstra behov for vitaminer og mineral!
Eg har ikkje tida til å vere sjuk no, så svarthyllekstrakt og kan jang går ned på høgkant! Forhåpentligvis er eg betre før påskeferien som skal nytast til det fulle og heile!!:)
Ekstra kjekt er det at Torunn og Ingunn kjem heim frå si jorda rundt reise og Elisabeth og Kristin kjem heim frå Oslo! Då blir gjengen samla igjen!:)

lørdag 28. mars 2009
There`s no place like home!
At eg skal flytte heim til Hardanger når eg er ferdig utdanna er det ingen som helst tvil om! Nydeligare plass skal du leite lenge etter! I dag har eg vore ute på tur og det gjorde godt for både kropp og sjel! Her er det ikkje noko problem å få trent både rumpe og lår. Bakkar er det flust med, og jo høgare opp du kjem, jo vakrere utsikt over fjorden får du! Er ikkje det motivasjon nok til å kome seg opp bakken så veit ikkje eg!:)
Våren er forhåpentligvis kome for å bli! :) Kom deg ut i frisk luft og nyt naturen rundt deg!Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Karbohydrater, venn eller fiende?

Helseklibrød! Dette knekkebrødet inneheld mest fiber! Fantastisk bra for magen og kroppen!
Et dette brødet med god samvittighet!
Villris, godt og sunt!
Fullkornspastaen er mykje betre og sunnare enn den kvite, lyse pastaen.:)
Et karbohydrat med god samvittighet! Men velg den grove typen viss du er opptatt av helsa!:)
søndag 22. mars 2009
Et stort JA til bær!

VITAMININNSPRØYTNING I KVARDAGEN! KOS MED GODE VENNER!:)
Ellers så har eg hatt ei fantastisk helg med gode venner eg ikkje har sett på lenge!!:) Latteren satt laust og me storkoste oss!:) Gla i denne gjengen!lørdag 21. mars 2009
Trim med Kari eller tur ute i frisk luft....??
Eg trur eg går for turen... Sjøl om videon til Kari får deg i både godt humør og svett. I dag har vore ein dag der eg til no har gjort fint lite... Litt deilig, men egentlig litt irriterande og. Skulle jo vera så effektiv i dag!;) Vel, er det noko som kan få meg i bedre humør, så er det trening. Eg har ikkje vore ute i heile dag, så eg trur turen skal gjera godt!:)
Ingen treningsøkt utan min kjære følgesvenn, pulsklokka! Når du først har blitt vane med å trene med pulsklokke, er du rett og slett avhengig. Eg er i alle tilfelle det. Dersom eg ikkje får til pulsklokke og ikkje finner pulsen er det kriise. Eg har faktisk gått heim frå treningssenteret uten å trene fordi eg ikkje fekk til pulsklokka mi. Ja, så gale har det altså blitt! Så viss nokon ser meg på treningssenteret tydelig irritert og vandrande fram og tilbake til vasken for å veta pulsbeltet og tilbake til treningsapparatet, er eg ikkje tilsnakkande;) Med andre ord, ingen trening utan pulsklokke! Pulsklokka er genial og du kan følge din eigen treningsprogresjon. No når eg er i begynnelsesfasen etter kyssesjuka kan eg ikkje trene utan å ha kontroll over pulsen. Pulsen må ikkje bli for høg, og eg er nødt til å holde den på eit viss nivå. 

tirsdag 17. mars 2009
Då var det den tida på året igjen..
Kvart år kjem den same bekymringa igjen, det er 17 mai om 2 måneder.. Hurra! Men då var det den bunaden då.. Og prøvinga av det hersens bunadsbeltet.. Kvart år lika nervøs, ikkje søren om eg skal sy ut beltet mitt!;) Når eg først er i sånn vårstemning (ja, så la oss snu det til det positive;)) må eg sei eg vart gledelig overraska over kveldens værmelding. Sool og opp mot 10 grader resten av veka:) Heerlig!!:) Vestlandet stikke av med det besta været denne gongen!;)
mandag 16. mars 2009
Fantastisk herlig å kjenne at formen er på retur!!:)
Etter 6 måneders ufrivelig treningsopphald er det fantastisk å kjenne at formen er stigande! Så no går eg tur med liv og lyst kvar dag. Å plutselig la vere å trene for ein kropp som er vane med fysisk aktivitet kvar dag setter sine spor., Både fysisk og psykisk. De fysiske sporene skal eg ikkje gå nærare inn på.;) Men den psykiske gevinsten ved å trene er stoor. Når kroppen min gjekk i dvale denne vinteren var eg slapp, umotivert, søtsuget var høgt, eg hadde låg konsentrasjon og overskuddet i kvardagen kunne eg sjå langt etter. Med andre ord blei eg dorsk og doven. Fra å ha forbud mot i gå i trapper (grunna fysisk anstrengelse) kan eg no springe opp trappene og smile over alt det positive trappene gjer for både rumpe, lår og humør!;) Når du er ute på tur bruk trapper og oppoverbakker for det det er verdt! Gi på opp bakken og tenk på kor godt både hjerte og kropp har av denne anstrengelsen! Og for all del, ikkje ta heis og unngå rulletrapper viss du kan! Kor late vil den norske stat at vi skal bli? Snart er det ikkje mulig å finne eit kjøpesenter med dei vanlege, tradisjonelle trappene.. Takk for nødtrappene på Galleriet! Der har eg nesten heile trappeoppgangen for meg sjøl, mens rulletrappene er stappfulle er kjøpelystne nordmenn som helst vil bli frakta frå etasje til etasje uten å lette en finger..
Litt skummelt å gå tur aleine seint på kvelden og... Eg høyrer aldri på musikk viss eg går på tur når det er mørkt. Då har eg alle sansar åpne og aktive i tilfelle det skulle koma nokon luskane i buskane!;)
søndag 15. mars 2009
Vitamininnsprøytning i kvardagen!

Ingenting gir meir energi på ein søndag enn å komme seg ut i den friske lufta! I dag har eg vore på ein laang tur. Dette gjorde godt for både kropp og sjel. Det er på tur du virkelig får reflektert og renske opp i tankane dine. Og ikkje kom her og sei at gåturar ikkje er trening! Et tips når du er ute og går tur er å innstille deg på at du har dårlig tid og skal rekke noko. Dette får opp guffen, vær du sikker. Sving med armane og lat som om du går med staver. Dette får opp både pulsen og humøret.:) Og hugs minimun 10 000 skritt kvar dag! Dette gir mangfoldige helsegevinstar bl. a:Vitaminjunkie???
Det er lett å gå seg vill i jungelen av kosttilskudd og vitaminer. Markedet av slike produkt har eksplodert den siste tida. Er det nødvendig å ta kosttilskudd? Er det ikkje godt nok med et vanleg norsk kosthold?Tran- I møllers tran er det omega 3, vitamin A, D og E. Tran er viktig for oss nordmenn som bur så langt nord at sola ikkje har den positive effekten på oss når det gjeld vitamin D.Vitamin D er eit svært viktig vitamin. Det har blitt forska på at menneske som har låg vitamin D status er meir utsatt for ei heil rekkje lidingar som høgt blodtrykk, diabetes, overvekt, MS, infeksjonar og enkelte kreftformer. Ein skal ta tran i alle måneder med R i, men ein kan like gjerne ta tran i sommarmånedene og. Sola steiker ikkje kvar dag. Omega 3 har og mange positive effektar. Omega 3 er blant anna bra for hjerte, ledd, hud,hjerne, psykisk helse og kan vere med på å motvirke demens.
Eg tar den nye møllers tran som heiter Møllers ekstra-blåbærtran. Den inneheld meir omega 3 enn den originale møllers tran og er i tillegg berika med ekstra E vitamin. Vitamin E er ein anitioksidant som beskytter cellene i kroppen vår.
"Det smaker tran, men det er det som funker!"
I tillegg til tran tar eg multivitamintilskudd, utan A og D vitamin, som fås kjøpt på apoteket. Sjølv om både A og D vitamin er bra for kroppen, er det viktig å ikkje få for mykje av disse fettløyselege vitaminene. Dersom du tar multivitamin i tillegg til tran, er det lurt å ta eit tilskudd utan A og D vitamin.
Vitamin B- Eg har lenge tatt vitamin B for at håret mitt skal vokse fortere... Men dette trur eg er ein sannhet med modifikasjoner. Dei fleste får i seg nok B vitamin gjennom maten og det er lite forskning som tyder på at b vitamin skal vere bra for hud, hår og negler.
Kvinner i fertil alder som planlegger å bli gravid bør ta eit folat (folsyre)tilskudd. Dette for å hindre at barnet utvikler ryggmargsbrokk og andre nevralrørsdefekter.
Her finn du gode B-vitamin: Grove kornvarer og brød, kjøtt, mjølk og mjølkeprodukt, grønnsaker (særleg dei grønne), potet, nøtter, banan og sitrusfrukt.
Dette er vitaminene eg tar i løpet av ein dag. Dei fleste treng ikkje meir enn ei spiseskje med tran om dagen. For dei som ikkje et variert, men ganske einsidig, kan eit multivitamintilskudd vera lurt å ta. Men hugs; tar du tran må du ta multivitamintilskudd utan A og D.:)
lørdag 14. mars 2009
Kari- Tidenes inspirator!:)
5 om dagen..
5 om dagen har vel ikkje gått nokon forbi.. Alle veit jo at frukt og grønt er gull for kroppen. Men eg veit, av erfaring at dette er ikkje alltid like lett å etterleva.. Visste du forresten at 5 om dagen betyr 2 frukt, og 3 grønnsaker? På dette fatet ligger dei grønnsakene eg tilber.
masse viktige næringsstoffer for kroppen. Bl. a Kalium, folat, A-vitamin og C vitamin. Med andre ord, et den!
Målet mitt for denne våren er å kutte ut dei kvite, deilige, fantastiske, supre, herlige nøttene.... Det blir ikkje lett.. Eg er rett og slett avhengig. Ja, det går an faktisk...Det er mykje sukker i disse nøttene, og sukkeravhengighet er blitt et stoort problem hos meg. Tips for å bli kvitt dette suget mottas med stoor og takknemmelig glede:) Youghurtnøtter kvar dag setter sine spor både her og der...

