søndag 5. april 2009

Påsken er her.. Med regn og ruskevær...??

TIDENES PÅSKESTART!:)




Ja då er endeleg den etterlengta og sårt trengte påskeferien her! Dette skal nytast! Den starta så fint med nyydeleg vær i går. Eg koste meg ute i sola med ekte påskekrim!;) været og temperaturen var utan tvil upåklageleg! Om det berre blir ruskevær i påsken, så lever eg leeenge på denne herlege vårdagen me hadde på lørdag!!:)





















Det var ikkje eit vindpust og fjellene speila seg fint i fjorden..I dag var rake motsetnaden, ruskevær rett og slett. men eg ligg ikkje på latsida av den grunn. Litt skulearbeid blei unnagjort, og trykket på samvittigheten har letta litt.



Eg har ikkje så store planar for påskeveka. eg skal jobba desse tre dagane i barnehagen, Veisane, noko eg ser veldig fram til! Alltid lika kjekt å koma opp dit!:) Ellers så skal eg vera mykje i bevegelse og gå lange turar uansett vær.






Til dei som har vanskeleg for og synes det er hardt å kome i gang med treninga; eg har nett så vidt begynt å trene etter eit 6 veker inaktivt kvardagsliv. Formen min var så og sei på bunn. Eg blei andpusten av å gå på flate bakken.. Ikkje noko kjekt! Men det tok slettes ikkje lang tid før formen kom snikande på! Det er kanskje hardt dei to første vekene, deretter går treninga som ein drøm! Eg anbefaler alle å begynne med gåturar, effektive og raske. Dette legg eit særdeles godt grunnlag for vidare belastning. Dersom ein byrjar med joggeturar utan noko treningsgrunnlag er det veldig lett for at skadene kjem fort. Både kne og leggar tar skade dersom grunnlaget ikkje er etablert! Så folkens, kom deko ut på tur!:) Det er endå lenge til me skal vise dei bleike kroppane våre i bikinistasen!


NB-underlaget er viktig! Ikkje start våren med vonde kne og leggar..
Eg er mykje plaga med beinhinnebetennelse så asfalt er ikkje ideelt for meg. dersom du joggar mykje på asfalt bør du investere i nokon gode joggesko! Skadar som oppstår pga overbelastning er ikkje til å spøke med.
Det er viktig å veksle på underlaget. Det er mykje meir skånsomt for beina å jogge på grus og grasunderlag enn på asfalt!



Nyt påsken, vær ute i naturen og i frisk luft og trekk til deg all energien du får av å vere i bevegelse!:):) Kroppen er ikkje skapt for å sitte ein heil dag i sofakroken. Me er skapt til bevegelse, vær glad for at kroppen fungerer som den skal!:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar