mandag 30. mars 2009

Snufsameg så forkjøla eg er!!





ja, det måtte jo kome dette og. Eg veit eg ikkje skal sitte ute å sole meg i trekken på denne tida, men etterlevde eg det? Å neida.. satt ute ein time på lørdag og slikte sol. Med den varmen det var hadde eg ikkje på meg så mykje kle heller- Herlig, herlig, men farlig farlig.. Sånn er det. Forkjølelsen kom den, og det gjorde etterpå-klokskapen og!


Svarthyllekstrakt er å anbefale når ein har forkjølelse. Eg tar sikkert 4 spiseskeier kvar dag og forkjølelsesperioden vert forkorta! erfaringsmessig er dette er produkt å anbefale! Det er få andre planter i Europa som har vore så høgt verdsatt for sine medisinske eigenskaper som svarthyll. Svarthyllekstrakt har vist seg å vere gunstig for plagar knytta til bronkier, munn og hals, bihulebetennelse, øyrebetennelse og forkjølelse og influensa! Med andre ord kan det vere lurt å gå til innkjøp av svarthyllekstrakt når ein kjenner dei kroppslege plagene kjem snikande. Og attpåtil så smaker den godt og!:)


Kan jang inneheld rød solhatt, basilikum, lakrisrot og eukalyptus. Den skal vere slimoppløysande og hindre lett hoste og lett feber.


Alt for å forkorte forkjølelsessymptomene går ned! Og Hugs å ta tranen din om du er sjuk! Då er kroppen nedbrutt og har ekstra behov for vitaminer og mineral!


Eg har ikkje tida til å vere sjuk no, så svarthyllekstrakt og kan jang går ned på høgkant! Forhåpentligvis er eg betre før påskeferien som skal nytast til det fulle og heile!!:)


Ekstra kjekt er det at Torunn og Ingunn kjem heim frå si jorda rundt reise og Elisabeth og Kristin kjem heim frå Oslo! Då blir gjengen samla igjen!:)


1 kommentar: