mandag 16. mars 2009

Fantastisk herlig å kjenne at formen er på retur!!:)

Etter 6 måneders ufrivelig treningsopphald er det fantastisk å kjenne at formen er stigande! Så no går eg tur med liv og lyst kvar dag. Å plutselig la vere å trene for ein kropp som er vane med fysisk aktivitet kvar dag setter sine spor., Både fysisk og psykisk. De fysiske sporene skal eg ikkje gå nærare inn på.;) Men den psykiske gevinsten ved å trene er stoor. Når kroppen min gjekk i dvale denne vinteren var eg slapp, umotivert, søtsuget var høgt, eg hadde låg konsentrasjon og overskuddet i kvardagen kunne eg sjå langt etter. Med andre ord blei eg dorsk og doven. Fra å ha forbud mot i gå i trapper (grunna fysisk anstrengelse) kan eg no springe opp trappene og smile over alt det positive trappene gjer for både rumpe, lår og humør!;) Når du er ute på tur bruk trapper og oppoverbakker for det det er verdt! Gi på opp bakken og tenk på kor godt både hjerte og kropp har av denne anstrengelsen! Og for all del, ikkje ta heis og unngå rulletrapper viss du kan! Kor late vil den norske stat at vi skal bli? Snart er det ikkje mulig å finne eit kjøpesenter med dei vanlege, tradisjonelle trappene.. Takk for nødtrappene på Galleriet! Der har eg nesten heile trappeoppgangen for meg sjøl, mens rulletrappene er stappfulle er kjøpelystne nordmenn som helst vil bli frakta frå etasje til etasje uten å lette en finger..



Litt skummelt å gå tur aleine seint på kvelden og... Eg høyrer aldri på musikk viss eg går på tur når det er mørkt. Då har eg alle sansar åpne og aktive i tilfelle det skulle koma nokon luskane i buskane!;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar