søndag 15. mars 2009

Vitaminjunkie???

Det er lett å gå seg vill i jungelen av kosttilskudd og vitaminer. Markedet av slike produkt har eksplodert den siste tida. Er det nødvendig å ta kosttilskudd? Er det ikkje godt nok med et vanleg norsk kosthold?

Tran- I møllers tran er det omega 3, vitamin A, D og E. Tran er viktig for oss nordmenn som bur så langt nord at sola ikkje har den positive effekten på oss når det gjeld vitamin D.Vitamin D er eit svært viktig vitamin. Det har blitt forska på at menneske som har låg vitamin D status er meir utsatt for ei heil rekkje lidingar som høgt blodtrykk, diabetes, overvekt, MS, infeksjonar og enkelte kreftformer. Ein skal ta tran i alle måneder med R i, men ein kan like gjerne ta tran i sommarmånedene og. Sola steiker ikkje kvar dag. Omega 3 har og mange positive effektar. Omega 3 er blant anna bra for hjerte, ledd, hud,hjerne, psykisk helse og kan vere med på å motvirke demens.
Eg tar den nye møllers tran som heiter Møllers ekstra-blåbærtran. Den inneheld meir omega 3 enn den originale møllers tran og er i tillegg berika med ekstra E vitamin. Vitamin E er ein anitioksidant som beskytter cellene i kroppen vår.
"Det smaker tran, men det er det som funker!"

I tillegg til tran tar eg multivitamintilskudd, utan A og D vitamin, som fås kjøpt på apoteket. Sjølv om både A og D vitamin er bra for kroppen, er det viktig å ikkje få for mykje av disse fettløyselege vitaminene. Dersom du tar multivitamin i tillegg til tran, er det lurt å ta eit tilskudd utan A og D vitamin.

Vitamin B- Eg har lenge tatt vitamin B for at håret mitt skal vokse fortere... Men dette trur eg er ein sannhet med modifikasjoner. Dei fleste får i seg nok B vitamin gjennom maten og det er lite forskning som tyder på at b vitamin skal vere bra for hud, hår og negler.
Kvinner i fertil alder som planlegger å bli gravid bør ta eit folat (folsyre)tilskudd. Dette for å hindre at barnet utvikler ryggmargsbrokk og andre nevralrørsdefekter.
Her finn du gode B-vitamin: Grove kornvarer og brød, kjøtt, mjølk og mjølkeprodukt, grønnsaker (særleg dei grønne), potet, nøtter, banan og sitrusfrukt.

Dette er vitaminene eg tar i løpet av ein dag. Dei fleste treng ikkje meir enn ei spiseskje med tran om dagen. For dei som ikkje et variert, men ganske einsidig, kan eit multivitamintilskudd vera lurt å ta. Men hugs; tar du tran må du ta multivitamintilskudd utan A og D.:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar