lørdag 21. mars 2009

Trim med Kari eller tur ute i frisk luft....??






Eg trur eg går for turen... Sjøl om videon til Kari får deg i både godt humør og svett. I dag har vore ein dag der eg til no har gjort fint lite... Litt deilig, men egentlig litt irriterande og. Skulle jo vera så effektiv i dag!;) Vel, er det noko som kan få meg i bedre humør, så er det trening. Eg har ikkje vore ute i heile dag, så eg trur turen skal gjera godt!:)






Ingen treningsøkt utan min kjære følgesvenn, pulsklokka! Når du først har blitt vane med å trene med pulsklokke, er du rett og slett avhengig. Eg er i alle tilfelle det. Dersom eg ikkje får til pulsklokke og ikkje finner pulsen er det kriise. Eg har faktisk gått heim frå treningssenteret uten å trene fordi eg ikkje fekk til pulsklokka mi. Ja, så gale har det altså blitt! Så viss nokon ser meg på treningssenteret tydelig irritert og vandrande fram og tilbake til vasken for å veta pulsbeltet og tilbake til treningsapparatet, er eg ikkje tilsnakkande;) Med andre ord, ingen trening utan pulsklokke! Pulsklokka er genial og du kan følge din eigen treningsprogresjon. No når eg er i begynnelsesfasen etter kyssesjuka kan eg ikkje trene utan å ha kontroll over pulsen. Pulsen må ikkje bli for høg, og eg er nødt til å holde den på eit viss nivå.




Ellers så har eg fått meg ei ny favorittfrukt som rett og slett er kanonsunn!!:) GRANATEPLE


Granateple er proppfull av antioksidanter. Steinene inni granateple er små sunne vitaminbomber. Det er berre nyper og valnøtter som har meir antioksidanter! Dersom du spiser granatepler jevnleg reduserer du risikoen for både åreforkalkning, kreft og alzheimer. Men å kjøpe granateple er ikkje noko billeg affære- Eit granateple koster ca 25 kroner(!!!). Men det som ikkje er så dyrt er granateplejuice. Og juicen har faktisk lika mykje næring og gode virkestoff. Så lite som 40 g granateplejuice i 8 veker har vist seg å hjelpe mot kolesterolet og senke det dårlige kolesterolet. Eit glass granateplejuice om dagen har mangfoldige positive verknader! Bytt ut eplejuicen med granateplejuice du og!!:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar