lørdag 28. mars 2009

There`s no place like home!

At eg skal flytte heim til Hardanger når eg er ferdig utdanna er det ingen som helst tvil om! Nydeligare plass skal du leite lenge etter! I dag har eg vore ute på tur og det gjorde godt for både kropp og sjel! Her er det ikkje noko problem å få trent både rumpe og lår. Bakkar er det flust med, og jo høgare opp du kjem, jo vakrere utsikt over fjorden får du! Er ikkje det motivasjon nok til å kome seg opp bakken så veit ikkje eg!:)


Terapi for sjelen! Ikkje berre er det flott å gå tur i den fine naturen, men det er kjekt å møte på kjentsfolk kor hen du går. Når sola viser seg frå si flottaste side, som i dag, må du ikkje gå langt før du treffer på nok ein glad lofthusing som er ute på tur. Våren er forhåpentligvis kome for å bli! :) Kom deg ut i frisk luft og nyt naturen rundt deg!


Å Vestland, Vestland

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.
Og gleda strøymer i meg still og stormed glans
av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror
,sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.
Sjå skuggane som kliv dei kvasse fjell
lik dagsens timar tøyer seg mot kveld
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar